Hilfe
© TicketCo AS 2025.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
På leiting etter Lul Krag
Velkomen til filmpremiere og konsert. Sytti år etter at kunstmalaren Lul Krag (1878-1956) forlet Rosendal, står natur- og kulturlandskapet høgt på den internasjonale dagsorden. Lul var født på Kongsberg og fekk utdanninga si i Oslo, London og Paris, men henta inspirasjon frå austens filosofi og landskapet i Rosendal.
Kven var så denne omtykte men sky kunstnaren, som skapte sin heilt særeigne kunst i Rosendal, og kva er det ho prøver å fortelja oss? Denne filmen er ei reise gjennom livet til Lul Krag, tankane hennar, kunsten ho skapte og arven etter henne.
Musikkinnslag ved Bjarne Øymyr Band.
Bjarne Øymyr (piano), Torill Aurora (vokal), Alexander Grieg (kontrabass), Sigurd Steinkopf (trommer)
Arrangementet er eit samarbeid med Rosendalsstiftinga
Fredag 13. juni kl 1800.
Filmpremiere inkl konsertinnslag Kr 360,-.
Filmpremiere inkl konsertinnslag og 2-rettars middag etter filmen Kr 950,-
Opplevingspakkar
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.
Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om ved inngongen til konserten, eventuell flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.
Hjarteleg velkommen til konsert!