page view image

Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga

Konsert i Riddersalen fredag 26. juli

Information
event image

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt projekt! 

Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den [DATO] kjem dei til [STAD] og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.

Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i VInje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.

Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.



Opplevingspakkar

Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.

  • Konsert
  • Konsert og 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, inkludert inngong Hage/omvising.
  • Konsert, 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, delt dusj og toalett er på gangen), billett inkludert inngang Hage/omvisning.

Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Retningslinjer for smittevern kan føra til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om ved inngongen til konserten, eventuell flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.

Hjarteleg velkommen til konsert!

baroniet baronietrosendal rosendal riddersalen konsert sommerkonsert ingebjørgbra oddnordstoga

Waiver

Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.