page view image

Karoline Krüger og Sigvart Dagsland

Information
event image

Karoline Krüger og Sigvart Dagsland er tilbake med duokonsert på Baroniet.

Karoline og Sigvart sitt samarbeid har utvikla seg naturleg på denne nære måten – berre dei to og eit flygel – og no inviterer dei til eit unikt musikalsk møte i Riddersalen. Alt ligg til rette for ein intim & storslått kveld fylt med folkekjære klassikarar som “Ka e du redd for” , “Alt eg såg” og “For vår jord”: Gle deg til det beste av alt dei har gjort kvar for seg – og saman – samt eit godt dryss av både Stavanger- og Bergenshumor.»

Opplevingspakkar

Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.

  • Konsert
  • Konsert og 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, inkludert inngong i hagen på konsertdag.
  • Konsert, 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Avlgården Baroniet Rosendal (dei fleste romma har vask, delt dusj og toalett er på gangen) inkludert inngong i hagen på konsertdag.

Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Hjarteleg velkommen til konsert!


baroniet rosendal riddersalen

Waiver

Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.