page view image

Ketil Bjørnstad, klaver

Information
event image

Eksklusiv konsert i Den Røde Sal med middag i Rosendal Havecafé

Intimkonsertane på Baroniet Rosendal har alltid inspirert meg på ein heilt særeigen måte", fortel Bjørnstad. "Det er ei stor gleda å få spela i Den Røde Sal att, og å få på kjenna den unike nærleiken til publikum. 

Det er med ærbødigheit eg spelar på det eksklusive Pleyel-flygelet, det bestemmer like mykje som meg korleis konserten utfoldar seg. Det blir nok både improvisasjonar og ein blanding av gamalt og nytt", utdjupar han. 

Kunstnaren og blomejenta.

Bjørnstad er ein kjær ven av Baroniet, og som ein av Norges største kunstnarar var han fyrst ute med baronikonsertar i vår tid. 

Allereie i 1986 spelte han sin fyrste baronikonsert, og den gongen var det ei ungjente frå Malmanger som var blomejente. Jenta var nett konfirmert, bar sin nye Kvinnheradsbunad, og såg opp til kunstnaren etter nett å ha lese boka hans om Oda Krogh.

Denne julikvelden vert det eit rørande gjensyn når blomejenta møter kunstnaren i sin fyrste sesong som direktør ved baroniet. 


Opplevingspakkar

Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.

  • Konsert og 3-retters middag i Hagecaféen & Drivhuset kl. 20.30.
  • Konsert, 3-retters middag i Hagecaféen & Drivhuset kl. 20.30, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen). Inngang Hage er inkludert.

Billetter blir tilsendt på tekstmelding og epost. Billett med QR-kode visast fram på mobil ved inngong, eller eventuelt på utprinta ark om ein føretrekk det. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Retningslinjer for smittevern kan føre til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om i inngongen til konserten, og flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.

Hjarteleg velkommen til konsert!

baroniet baronietrosendal rosendal sommerko konsert ketil ketilbjornstad ketilbjørnstad klassisk klaver

Waiver

Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.