Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
Intimkonsertane på Baroniet Rosendal har alltid inspirert meg på ein heilt særeigen måte", fortel Bjørnstad. "Det er ei stor gleda å få spela i Den Røde Sal att, og å få på kjenna den unike nærleiken til publikum.
Det er med ærbødigheit eg spelar på det eksklusive Pleyel-flygelet, det bestemmer like mykje som meg korleis konserten utfoldar seg. Det blir nok både improvisasjonar og ein blanding av gamalt og nytt", utdjupar han.
Kunstnaren og blomejenta.
Bjørnstad er ein kjær ven av Baroniet, og som ein av Norges største kunstnarar var han fyrst ute med baronikonsertar i vår tid.
Allereie i 1986 spelte han sin fyrste baronikonsert, og den gongen var det ei ungjente frå Malmanger som var blomejente. Jenta var nett konfirmert, bar sin nye Kvinnheradsbunad, og såg opp til kunstnaren etter nett å ha lese boka hans om Oda Krogh.
Denne julikvelden vert det eit rørande gjensyn når blomejenta møter kunstnaren i sin fyrste sesong som direktør ved baroniet.
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.
Billetter blir tilsendt på tekstmelding og epost. Billett med QR-kode visast fram på mobil ved inngong, eller eventuelt på utprinta ark om ein føretrekk det. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Retningslinjer for smittevern kan føre til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om i inngongen til konserten, og flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.
Hjarteleg velkommen til konsert!