Lendmann Gaut Jonsson til Mel
Avduking av Minnestein og Historisk Seminar
- arrangert av Interessegruppa
AVDUKING AV MINNESTEIN LENDMANN OVER GAUT JONSSON
LAURDAG 5. SEPTEMBER KL. 12:00
Avdukinga finn stad med ein høgtideleg seremoni i den vesle minneparken som er laga i krysset mellom Baronivegen og Melsvegen rett overfor Besøkssenteret til Baroniet. Etter avdukinga arrangerer Interessegruppa i samarbeid med Baroniet og professor Jørn Øyrehagen Sunde eit historisk seminar i Besøkssenteret.
PROGRAM
- Musikalsk innslag v/ Liv Signe Bleie Ulvestadbakken, trompet.
- Velkomst v/ Ingvard Havnen frå Interessegruppa.
- Offisiell avduking og helsing v/ ordførar Vegard Bjørnevik.
- Gaut Jonsson – Lendmannen til Mel v/ professor Jørn Øyrehagen Sunde.
- Gaut Jonsson – eit kunstnarleg blikk v/ bilethoggar Christine Aspelund.
- Avslutning med musikalsk innslag.
HISTORISK SEMINAR
Interessegruppa inviterer i samarbeid med Baroniet og professor Jørn Øyrehagen Sunde, til enkel servering og historisk seminar om lendmann Gaut Jonsson til Mel. Gjennom foredrag og samtale utforskar og gjev nokre av våre fremste historikarar, eit levande bilete av den rikspolitisk viktigaste personen i Kvinnherad si historie.
PROGRAM
12:45 - 13:15 Enkel servering inkl kaffi/ te
13:15 – 15:00 Seminar.
Gaut Jonsson og hans slekt v/ Jo Rune Ugulen Kristiansen, fyrstearkivar ved Nasjonalarkivet.
Forholdet mellom kongen og riksaristokratiet v/ Erik Opsahl, professor ved NTNU.
Konge, lendmann, politikk og lov og rett v/ Jørn Øyrehagen Sunde, professor.
Samtale
Seminaret er gratis, men det er naudsynt å melda seg på via Baroniet.no/kulturprogram.
Dei som har gjeve bidrag till minnesteinen er: Energiteknikk AS, Holsvik Invest AS, Kroka Eigedom AS, Kvinnherad Energi AS,Kvinnheradstiftinga, Rosendal Elektrisitetsverk AS, Rosendalstiftinga, Rune Hass, SKL og Skålafjæro AS. Beate Lode og Sturle Kalstad har stilt grunn til rådvelde og steinen er gjeven av Leif Sverre Enes.
Interessegruppa for reising av minnestein over Lendmann Gaut Jonsson til Mel: Kaare Skaala, Einar Holsvik og Ingvard Havnen.
Ta gjerne kontakt for fleire opplysningar.
Kaare Skaala, mob. 4829 0717
Einar Holsvik, mob. 9151 5215
Ingvard Havnen, mob. 9546 8383