Sesongopning 2026
Opning av kunstutstilling kl 16:00
Klassisk Helg: Opningskonsert kl 18:00
Program:
Kl. 16.00 Utstillingsopning i vinkjellaren på slottet
Kunstnarar : Elisa Helland Hansen & Ida C. Helland Hansen
Introduksjon ved Gunnar Danbolt
Kl.18.00 Klassisk helg: Opningskonsert i Riddersalen
Offisiell opning av sesongen
Konsert ved Hanne Marit Mordal Iversen, sopran og Revaz Abramia, piano
Opplevingspakkar
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.
- Konsert
- Konsert, og 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, inkludert inngong Hage/omvising.
- Konsert, 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, delt dusj og toalett er på gangen), billett inkludert inngang Hage/omvisning.
Alle billettane er inkludert utstillingsopninga kl 16:00
Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Retningslinjer for smittevern kan føra til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om ved inngongen til konserten, eventuell flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.
Hjarteleg velkommen til konsert!
Ansvarsfraskrivelse
Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.