Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Det er ei glede å kunne kunngjere at Eva Weel Skram kjem til
Baroniet Rosendal Riddersalen den 15. juli 2026!
I fjor sleppte Eva sitt nyaste album Vendepunkt, til fine meldingar, og
tittelsporet låg spikra på spelelistene til NRK P1 i månadsvis.
Eva Weel Skram har alltid vore svært personleg i tekstane sine, og det er
ho heldigvis framleis. Albumet Vendepunkt blei skrive i ein periode då
det skjedde mykje i livet hennar, særleg på innsida. Ho søkte og fann svar
på mykje i seg sjølv, og refleksjonane ho gjorde undervegs, fann fort vegen
ut av hovudet og inn i tekstane – slik dei ofte gjer. Og om noko så fint
kjem ut av Evas personlege vandring, kan vi ikkje gjere anna enn å håpe
at ho held fram med denne reisa i åra som kjem.
Med låtar som «Om du vil», «Selmas song», «La meg vere» og
«Vendepunkt», er Eva Weel Skram utan tvil ein av dei mest folkekjære
artistane vi har her til lands. Skram har sleppt tre album med norske
tekstar, Finne heim frå 2018, Sleppe tak frå 2021 og Vendepunkt frå
2024, som alle har hausta strålande kritikkar, og blitt omtala som både
«Brutalt ærleg» og musikalsk modent. Denne våren er det duka for meir ny
musikk frå Sogndalsartisten, som stadig imponerer med sine
liveopptrednar og låtar som treffer blink.
«Eva Weel Skram har lenge vore ein av Noregs mest distinkte popartistar.
Med albumet ‘Sleppe tak’ ligg alt til rette for at ho skal bli
allemannseige», skreiv Dagsavisen i si melding av det nemnde albumet –
noko som har løfta Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklege
popartistar her til lands.
Skrams varemerke har blitt fengande melodiar med sterke norske tekstar
om tema som ligg hjartet hennar nært, noko som har vist seg å verke både
trøystande og inspirerande for det stadig voksande publikummet hennar.
Opplevingspakkar
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.
Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Hjarteleg velkommen til konsert!