Frøken Julie

-eit samarbeid mellom Den Nationale Scene og Baroniet Rosendal

page view image
Arrangementsdato

fredag 28 aug 2026 18:00

Slutter fredag 28 aug 2026 19:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

Teater, middag og overnatting i dobbeltrom
Billetten gjeld for ein person (du må kjøpe 2 billetter for fullstendig dobbeltrompakke) og inneheld Teater, 3-retters middag i Ridderstuen ca. 15 minuttar etter framsyninga, inngang hage/omvisning slott på framsyningsdagen, og overnatting med frukost på Avlsgården Baroniet Rosendal (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen). Vi reknar billettar kjøpt på same epostadresse som ei gruppe som skal bu/sitja i lag.
Teater
Ordinær teaterbillett inkl. inngong hage
Teater ungdomsbillett (under 26)
Ungdomsbillett inkl. inngang hage på framsyningsdagen
Teater og middag
Framsyning etterfulgt av ein deilig 3-retters middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca 15 minutt etter framsyninga, og inngong i Rosendal have same dag.
Teater, middag og overnatting i enkeltrom
Billetten gjeld for ein person i enkeltrom og inneheld Teater, 3-retters middag i Ridderstuen ca. 15 minuttar etter framsyning, overnatting med frukost på Avlsgården Baroniet Rosendal (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen), og inngang i hagen på framsyningsdag. Send oss gjerne ein e-post til info@baroniet.no om ønska bordsetting om ein har bestilt på ulike epostadresser.
event image

Arrangementsinformasjon

Frøken Julie
av August Strindberg

Ein samproduksjon av Den Nationale Scene i Bergen og Baroniet Rosendal

AUGUST STRINDBERG sitt ikoniske stykke FRØKEN JULIE frå 1888 er i denne versjonen lagt til BARONIET ROSENDAL.

Baronen si dotter Julie har hatt ein turbulent oppvekst på Baroniet.
Det er sankthansnatt på Baroniet. På baronikjøkenet møtast greven si dotter Julie og tenaren Jean, to menneske frå kvar si verd som aldri skulle ha nærma seg kvarandre. Når natta dreg ut, glir grensene mellom dei gradvis ut av form: mellom overklasse og tenarskap, mellom makt og avmakt, mellom kven vi er og kven vi lengtar etter å vere.

Julie er adelsdottera som alltid har prøvd å sprengje rammene rundt seg. Jean er tenaren som ser etter kvar einaste moglegheit til å ta eit steg opp. På kjøkenet er også Kristin, forlova med Jean og bunden av plikt. Mellom Julie og Jean veks eit spel som dreg i dei frå fleire kantar – tiltrekking, stoltheit, underkasting og kampvilje – og Kristin blir vitne til noko ho ikkje kan stogge.

Strindbergs klassikar er ei rå og presis studie i korleis klasse, kjønn og begjær kan rive menneske sund. Ei intens og nådelaus historie om grenser som blir brotne og prisen som følgjer.


Opplevingspakkar

Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.

  • Teater
  • Teater og 3-rettars middag kl 19:00 i Ridderstuen, inkludert inngong i hagen same dag.
  • Teater, 3-rettars middag kl 19:00 i Ridderstuen, og overnatting med frukost på Avlgården Baroniet Rosendal (dei fleste romma har vask, delt dusj og toalett er på gangen) inkludert inngong i hagen same dag.

Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.


NB!    Førestillinga vil foregå i Borggarden på slottet og i Riddersalen på Avlsgarden. Så her må ein belaga seg på litt vandring og kle seg etter ver og vind.

Oppmøte i Borggarden, Baroniet Rosendal.



Hjarteleg velkommen til teaterframsyning!

Ansvarsfraskrivelse

Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.

Tags

baroniet
baronietrosendal
rosendal
teater
Organizer
Baroniet Rosendal