Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Ketil Bjørnstad er utdanna konsertpianist, plateartist og ein av våre mest produktive og lesne forfattarar av ei rekkje romanar og biografiar. Han viste seg tidleg som ei usedvanleg musikalsk gåve, men som 18-åring la han den klassiske musikken på hylla og begynte å spele med visesongarar, avantgarde-jazzmusikarar og andre kunstnarar frå 70-talets kreative musikkscene. I forfattarskapen sin vender han stadig tilbake til kunstnarmiljøa, både i notida og i kunst- og bohemmiljøet i Kristiania rundt hundreårsskiftet.
AKTUELT i 2025 & 2026: EVENING SONG – AFTENSANG – SOLO PIANO / JAG ETTER VIND / NIGHTWALKER / NEW MORNING
Ketil Bjørnstad gjev oss pianomusikk for skumringstimen på albumet «Evening Song – Aftensang». Prosjektet starta med at Bjørnstad blei kontakta av organist og dirigent Svein Rustad, som ønskte at han skulle komponere «Aftensongar» til han – med utgangspunkt i fleire dikt henta frå samlinga «Båt på fjorden» (Aschehoug 2021). Pianostykka er inspirerte av lys, og av å føre oss tilbake til naturens rike. Dei stadene Bjørnstad har gått, sete og sansa i ei årrekkje – som aldri vil vere identiske. Sjølv om sitjestadene er dei same, endrar dei alltid stemning og lys. Vi er framleis i ein prosess, som i sjølve livet. Ketil Bjørnstad fortel:
– I «Evening Song» er eg tilbake i intimrommet, åleine med flygelet, med alle sine moglegheiter, der alle overtonar spelar ei rolle. Klang, rytme, melodi og improvisasjon. Det har gjennom alle år vore livsprosjektet mitt. Og eg er heldig som har så mange inspirerande og proffe folk rundt meg. Dei betyr svært mykje, òg i skapingsprosessen.
«Solokonsertane har alltid vore grunnlaget for mi musikalske karriere. Dei markerer byrjinga og slutten. Åleine med flygelet oppstår det ein særmerkt og nær kontakt med publikum som påverkar dei musikalske vala undervegs.»
Og det er nettopp i møtet mellom melodi, rytme, klang og improvisasjon at Bjørnstad leitar etter nye kjelder. Difor er ingen av desse konsertane planlagde i detalj. Dei oppstår i rommet mellom pianist og publikum, mellom flygel og konsertsal.
Vi tilbyr ulike opplevingspakkar for ulike ynskjer - frå dei som kun ønsker ein flott konsertopplevelse, til dei som ynskjer ein heilaften med middag, og eventuelt overnatting.
Billettar blir tilsendt på tekstmelding og epost. Billett med QR-kode visast fram på mobil ved inngong, eller eventuelt på utprinta ark om ein føretrekk det. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Hjarteleg velkommen til førestilling!