page view image

Nyttehagetradisjon i Rosendal Have

Information
event image

Hageseminar ved Baroniet Rosendal – Laurdag 14. juni

Baroniet Rosendal har gleda av å invitera til eit spanande hageseminar våren 2025, der vi dykker ned i 350 år med nyttehagetradisjon i Rosendals Have. Professor Annegreth Dietze, Baroniet sin forskar og professor i hagekunsthistorie ved NMBU, vil leie dagen og gje eit unikt innblikk i hagens utvikling.


350 år med nyttehagetradisjon i Rosendals Have

Program (med forbehold om endringar):

10.00–11.15 Hagevandring. Oppmøte ved Portboden

11.30–12.30 Frå nyttehage til rosehage – Rosendal Haves historiske utvikling
Ved Annegreth Dietze, professor i hagekunsthistorie ved NMBU og forskar ved Baroniet Rosendal

12.30–13.30 Lunsj

13.30–14.30 Frå renessansetidens hagebruk til dagens plantebevaring
Noregs første hagebok, Horticultura, blei skriven av Christian Gartner i Trondheim, og utgitt i 1694. Her blei mange nyttevekster tilrådd dyrka, og foredraget ser nærare på historien og bruken til eit utval av desse.
Kva verdi kan ein museumshage ha for bevaring av historiske genressursar og for bruken av desse plantane i dag?
Ved Vibekke Vange, dagleg leiar i NTNU Ringve botaniske hage. Ho har stor erfaring med bevaring av historisk plantemateriale, og arbeider med å auke samlingsverdien til plantesamlingane i Trondheim. Ho fekk Plantearveprisen i 2021.

14.30–14.45 Pause

14.45–15.45 Mangfald i kjøkkenhagen – frå 1700-talet til i dag
Frå 1700-talet har vi kjelder som fortel om kva som blei dyrka av bær, grønsaker og krydderurtar i norske hager. Korleis blei dei brukt den gong, og korleis blir dei brukt i dag? Kvar får ein tak i frø frå dei gamle sortane?
Dette vil Mari Marstein prøve å svare på. Ho er tidlegare konservator ved MiA – Museene i Akershus og pådrivar i nettverket KVANN – Kunnskap om og Vern av Nytteplantar i Noreg. Ho fekk Plantearveprisen i 2013.

15.45–16.00 Avslutning


Billettar blir tilsendt på tekstmelding og epost. Billett med QR-kode visast fram på mobil ved inngong, eller eventuelt på utprinta ark om ein føretrekk det. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Hjarteleg velkommen til hageseminar!

baroniet baronietrosendal rosendal riddersalen seminar konferanse historisk norgeshistorie lagabøte museum

Ansvarsfriskrivning

Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.