Bjørn Eidsvåg
Bjørn Eidsvåg – Sommaren 2026
Etter eit halvt hundreår i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkliv, og i ei årrekkje har han spelt rundt 80 konsertar kvart einaste år i alle krikar og krokar av landet. Etter ein innhaldsrik haust og vinter med konsertar og nytt show, er han klar for å innta festivalscenene sommaren 2026.
Hausten 2025 er Bjørn aktuell i framsyninga «Bjørn og Bjarte – den tøffe og den sarte» saman med programleiar og komikar Bjarte Tjøstheim, som turnerer for fulle hus over heile landet. Sjølv etter ein lang og solid karriere er Bjørn stadig aktuell med nye prosjekt og kreative krumspring. Etter deltakinga hans i TV2-programmet «Hver gang vi møtes» i 2023, der både Bjørns eigne tolkingar og artistkollegaene sine tolkingar av Bjørns låtar toppa listene, har Bjørn blitt inspirert til å «pusse opp» sine eigne låtar i ny drakt. Like etter suksessen med «Hver gang vi møtes» inngjekk Bjørn derfor eit samarbeid med den 40 år yngre stjerneprodusenten Carl-Viktor Guttormsen, som stod bak Emma Steinbakkens versjon av Floden, som gjekk heilt til topps på listene og blei den mest spelte låta på Spotify i Noreg i 2023. Sidan den gong har Bjørn, saman med produsentane Carl-Viktor Guttormsen og Anders Kjær, gitt ut ei rekkje nye låtar – mellom anna nye versjonar av klassikarane Skyfri himmel, Ringdans og Tør ikkje leva.
Sidan starten i 1971 har Bjørn gitt ut 28 album, spelt rundt 80 konsertar kvart år, gitt ut bok, hatt eige TV-program og radioprogram og stått på scena på Det Norske Teatret med den eigenskrivne teaterframsyninga “Etterlyst: Jesus” – for å nemne noko. Generasjonar av nordmenn har eit nært forhold til hans folkekjære låtar som Skyfri himmel og Eg ser. Bjørns nysgjerrigheit på nye musikalske uttrykk har også ført til mange spennande samarbeid med kjende artistar frå Noreg, Sverige og Danmark gjennom åra, mellom anna duetten Mysteriet deg med Lisa Nilsson. Låta vann Spellemannprisen for «Årets Låt» og har over 15 millionar avspelingar på Spotify.
I 2024 fylte Bjørn 70 år og blei overraska av eit fullsett Oslo Spektrum med overraskingskonserten «Ingen veg tilbake», som blei sendt på NRK1 og blei det sjette mest sette programmet på NRK i 2024. Seinare same år la han ut på ei stor jubileumsturne med same namn, og slo salsrekordar med over 25 000 selde billettar allereie før turnéstart. Hausten 2024 blei dessutan Bjørn og hans lange karriere og innsats for norsk musikkliv heidra med innlemming i Rockheim Hall of Fame.
Opplevingspakkar
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.
- Konsert
- Konsert og 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, inkludert inngong i hagen på konsertdag.
- Konsert, 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Avlgården Baroniet Rosendal (dei fleste romma har vask, delt dusj og toalett er på gangen) inkludert inngong i hagen på konsertdag.
Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Hjarteleg velkommen til konsert!
Ansvarsfriskrivning
Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.