Språk
Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Bjørnstad kjem med ny solo piano-plate våren 2025, albumet har namnet « Evening Song.»
Som Ketil Bjørnstad sjølv seier; Solo-konsertane har alltid vore grunnlaget for min musikalske karriere.
Dei markerer byrjinga og slutten. Aleine med flygelet oppstår det ei særeigen og nær kontakt med publikum som påverkar dei musikalske valga undervegs.
Difor er ingen av desse konsertane planlagt i detalj. Dei oppstår i rommet mellom pianist og publikum, mellom flygel og konsertsal.
Baroniet Rosendal tilbyr også eit avgrensa antall eksklusive konsertpakker, som inkluderer ein herskapleg slottsmiddag i Den Blå Sal.
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar .
Billetter blir tilsendt på tekstmelding og epost. Billett med QR-kode visast fram på mobil ved inngong, eller eventuelt på utprinta ark om ein føretrekk det. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Retningslinjer for smittevern kan føre til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om i inngongen til konserten, og flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.
Hjarteleg velkommen til konsert!