Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
deLillos – 40 år – Meir for fleire
I 2025 feirar deLillos 40 år som leverandør av tidlause klassikarar for generasjonar av fans. Storarta feiring på heimebane der bandet har selt fleire billettar enn nokon gong tidlegare på berre nokre få dagar. Høgst aktuelle som jubilantar og med nytt album, samt ein katalog som publikum elskar å syngje med på, tek deLillos nye og gamle klassikarar med ut på turneen Meir for fleire.
Dei vil presentere ein katalog som strekkjer seg over fire tiår og som er ein del av historia vår. Og for fansen er det mange songar, fordelte på heile 20 studioalbum. Nytt album blir sleppt 31. januar, og før det kjem det 6 singlar. Den første, Sjenert, kjem alt 23. august.
deLillos er eit av landets viktigaste pop- og rockband. deLillos blei danna i Oslo i 1984, og blir rekna som eit av dei mest markante banda i norsk musikkliv frå 1980-talet og fram til i dag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne blir deLillos framleis omtala som ein av dei fire store i norsk rockhistorie.
Dei har vore kompromisslause i uttrykket sitt og trufaste mot sitt eige univers, samstundes som dei har utfordra det kreative både når det gjeld format og innhald. deLillos har gitt oss ei rekkje klassiske songar og album som stadig blir oppdaga av nye generasjonar nordmenn.
Vi blir stadig fleire som vil ha meir av deLillos. Og heldigvis gir dei stadig ut nye favorittar.
Pressebilete er tekne av Agnete Brun.
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.
Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Hjarteleg velkommen til konsert!