Kari Bremnes duo

Konsert i Riddersalen torsdag 24. juli

page view image
Event date

Thursday 24 Jul 2025 19:00

Ends Thursday 24 Jul 2025 20:30
order
event image

Event information

Kari Bremnes er aktuell med seks nye songar på EP-en «Ennu her» som kom ut i september.

Om tittelen seier Kari:
«Eg har kalla platen for «Ennu her» fordi det er sant. At vi er her no. Samstundes. Så enkelt og sjølvsagt, men innimellom stort og merkeleg å tenkje på. Vi snakkar, tenkjer, scroller, høyrer musikk, drøymer, ler, pustar, elskar. Ser framover, ser attende, stryk ein katt, kryssar ein gate, går vidare. Vi som kan. Fordi vi enno er her.»

Kari Bremnes har dei siste åra stort sett halde konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom held ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangentar og vokal. Han er òg produsent for Karis utgjevingar.

I duoa ønskjer vi å ivareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om vi berre er to på scena, seier Kari. Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gjev vi publikum ei større lydverda enn i eit klassisk duoformat. Det trur vi både songane og konsertane har godt av.

I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga.

På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av dei nye songane og songar frå heile katalogen hennar.



Opplevingspakkar

Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.

  • Konsert
  • Konsert og 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, inkludert inngong Hage/omvising.
  • Konsert, 3-rettars middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, delt dusj og toalett er på gangen), billett inkludert inngang Hage/omvisning.

Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Retningslinjer for smittevern kan føra til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om ved inngongen til konserten, eventuell flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.

Hjarteleg velkommen til konsert!

Waiver

Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.

Tags

baroniet
baronietrosendal
rosendal
riddersalen
sommerkonsert
konsert
øysteingreni
greni
bigbang
Organizer
Baroniet Rosendal
Place your order