Language
Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Thomas Dybdahl duo til Baroniet i sommar
Vi ser han på «Hver gang vi møtes» , i sommar kan du høyre han live på Baroniet Rosendal.
For ti år sidan tok Dybdahl ei avgjerd om å setje i gang ein slags evig soloturnè, < og bli så god på det at det aldri ville kjennast som ein budsjettversjon av ein konsert med band. Han ville heller spele på styrkane ein slik kveld kunne ha – bandet ein kunne knyte til publikum, stadene ein kunne spele på, og fridomen ein kunne gi seg sjølv når ein spelte songane heilt solo.
I duoformat har Thomas med seg Vegard Lien Bjerkan på piano/flygel. Han har vore fast medlem i Dybdahls band dei siste fem åra, men det er først det siste året at dei har byrja å spele duokonsertar. Vegard gjekk jazzlinja på konservatoriet i Trondheim og vart raskt ein av landets mest etterspurde organistar og pianistar. Han speler fast med sine eigne prosjekt WIZRD, Soft Ffog og Karl Bjorå, samstundes som han er med både Kurt Nilsen, Morten Abel og Sigvart Dagsland i banda deira.
Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album befesta si stilling som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar.
For 20 år sidan sat Thomas Dybdahl med sitt første soloalbum, …That Great October Sound, mellom hendene. Albumet vart eit vendepunkt i karrieren, med strålande kritikkar, Spellemannpris og Edvard-pris.
VG skreiv i meldinga av debutalbumet: «Dybdahl åleine er ei aldri så lita openberring, med såre, vakre songar framført med den same, nesten kviskrande intensiteten som gjorde Jeff Buckley til allemannseige – høyr berre åpningssporet “From Grace”!»
Ein solokonsert med Thomas Dybdahl er ei unik moglegheit til å høyre songane hans slik dei opphavleg vart til. I tillegg til å presentere klassikarar frå ein lang karriere, spelar han òg nyutgitt og nyskrive materiale på sine solokonsertar.
Vi tilbyr ulike opplevingspakkar for ulike ønsker - frå dei som kun ønsker ein flott konsertopplevelse, til dei som ønsker ein helaften med middag, og eventuelt overnatting.
Billetter blir tilsendt på tekstmelding og epost. Billett med QR-kode visast fram på mobil ved inngong, eller eventuelt på utprinta ark om ein føretrekk det. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Retningslinjer for smittevern kan føre til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om i inngongen til konserten, og flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.
Hjarteleg velkommen til konsert!