Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Resten av livet
Trond-Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valle i samtale med Malene Vilnes-Bakke
Er det éi ting vi alle har felles, så er det resten av livet – kort eller langt. Og mange av oss fryktar det uunngåelege – alderdom, sjukdom og død. Men kva skjer eigentleg i kroppen når vi blir eldre, og kva kan vi gjere for å forseinke utviklinga? Kva vil det seie å bli eldre, og korleis handterer vi overgangar og endringar i den delen av livet?
I samtaleføredraget Resten av livet snakkar Trond-Viggo og kona Kristin inspirerande og muntert om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonisttilværet – ein fase som kan vere både frigjerande og forvirrande. Med humor, livserfaring og solid kunnskap tek dei oss med inn i eit livskapittel fylt av moglegheiter, men òg identitetsendringar, nye roller og endringar i relasjonar.
Samtalen løftar fram tema vi ofte utset å tenkje på, og avgjerder vi har ein tendens til å skyve framfor oss – det handlar om val, forvandlingar, vennskap, familie, økonomi, avslutningar og nye moglegheiter.
Trond-Viggo og Kristin møter Malene Vilnes-Bakke frå Frisk Forlag til samtale, og vi kan love ei ettertenksam og morosam oppleving om det gode livet som senior!
Trond-Viggo signerer gjerne bøker i etterkant av arrangementet
Arrangement i samarbeid med Kvinnherad Senioruniversitet.
Opplevingspakkar
Du kan velja mellom ulike opplevingspakkar - lettvint og kjekt.
Du får billettane på tekstmelding og epost med ein QR-kode som du berre kan visa fram på mobil eller ei utskrift ved inngongen. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Hjarteleg velkommen til konsert!