Thomas Dybdahl
Konsert i Riddersalen laurdag 26.juli
For ti år sidan tok eg ei avgjerd om å setje i gang ein slags evige soloturné og bli så god til det at det aldri skulle kjennast som ein budsjettversjon av ein konsert med band. Eg ville heller prøve å spele på dei styrkene ein slik kveld kunne ha – bandet ein kunne få med publikum, stadene ein kunne spele og fridomen ein kunne gje seg sjølv når ein spele sangane heilt solo. Sidan den gong har eg spele så godt som overalt i landet, alt frå Operaen i Oslo til Trevarefabrikken i Henningsvær, Lofoten, til Nidarosdomen i Trondheim. Eg har blitt utruleg glad i å spele desse solokonsertane og gledar meg masse til å halde fram turnéen. No har eg eit betydeleg tal sanger å velje mellom, og kvar kveld er annleis frå den andre – noko som held det spennande for både publikum og meg. Håpar vi sjåast!
I duoformat har Thomas med seg Vegard Lien Bjerkan på piano/flygel. Han har vore fast medlem i Dybdahls band dei siste fem åra, men det er først det siste året at dei har byrja å spele duokonsertar saman etter nokre svært godt mottatte konsertar i Utstein Kloster og Baroniet Rosendal sist haust. Vegard gjekk jazzlinja på konservatoriet i Trondheim og vart på kort tid ein av landets mest etterspurde organistar og pianistar. Han spelar fast med sine eigne prosjekt: WIZRD, Soft Ffog og Karl Bjorå, samstundes som han er med både Kurt Nilsen, Morten Abel og Sigvart Dagsland i deira band.
Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelige album befesta si posisjon som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar. For tjue år sidan sat Thomas Dybdahl med sitt første soloalbum “…That Great October Sound” mellom hendene. Albumet vart eit vendepunkt i karrieren med svært gode kritikkar, Spellemannprisen og Edvard-prisen.
VG skreiv i anmeldinga av debutalbumet:
«Dybdahl aleine er ein aldri så liten openbaring med såre, vakre songar framførte med den same, nesten hviskjande intensiteten som gjorde Jeff Buckley til allemannseig – høy berre åpningssporet ‘From Grace’!»
Ein solokonsert med Thomas Dybdahl er ein sjanse til å høyre songane hans slik dei vart til opprinneleg. I tillegg til å presentere klassikarar frå ein lang karriere, spelar han òg nyutgitt og nyskrevne materialar på sine solokonsertar.
Vi tilbyr ulike opplevingspakkar for ulike ønsker - frå dei som kun ønsker ein flott konsertopplevelse, til dei som ønsker ein helaften med middag, og eventuelt overnatting.
- Konsert
- Konsert og 3-retters middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, inkludert inngang Hage/omvisning.
- Konsert, 3-retters middag i Ridderstuen (underetasjen til Riddersalen) ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen), inkludert inngang Hage/omvisning
Billetter blir tilsendt på tekstmelding og epost. Billett med QR-kode visast fram på mobil ved inngong, eller eventuelt på utprinta ark om ein føretrekk det. Selde billettar vert ikkje refunderte.
Retningslinjer for smittevern kan føre til endringar i seteoppsettet og flytting av middagslokale. Eventuelle endringar av sitteplass vert informert om i inngongen til konserten, og flytting av middagslokale blir opplyst om på epost i forkant av konserten.
Hjarteleg velkommen til konsert!
Waiver
Arrangør forbeholder seg retten til å utsette eller endre tidspunkt for avvikling av arrangement ved uforutsatte hendelser som ikke kan avverges, f.eks. brann, krigsutbrudd, naturkatastrofe, streik, pandemi, offentligrettslige påbud o.l. Arrangør forbeholder seg også retten til å endre oppsatt innhold for avvikling av arrangement så som endring av artist, spiller o.l.